Annonsørinnhold

Ledig stilling: Direktør til Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus HF

Kvinneklinikken skal gi eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi søkjer ein inspirerande og involverande leiar som kommuniserer godt, er tydeleg, samlande og kjenner fagfeltet. Gjennom leiarskap gjer du andre gode.

Publisert Sist oppdatert

Om kvinneklinikken:

Om stillingen

Søknadsfrist:15. august

    • Vi er den nest største føde-/barsel-eininga i Noreg, med mellom 4000 og 4500 fødslar i året.
    • Vi har ei stor gynekologisk avdeling med eit breitt tilbod innan gynekologiske sjukdommar og regionansvar for behandling av gynekologiske sjukdommar.
    • Klinikken har nasjonalt behandlingsansvar for gynekologiske fistlar.
    • I samarbeid med universitet og høgskular har vi eit sterkt forskingsmiljø.

Som direktør for Kvinneklinikken legg du til rette for at dei tilsette i klinikken kan arbeide med forsking og systematisk fagleg utvikling for å kunne tilby pasientane våre behandling og oppfølging av god kvalitet. For å lese meir om Kvinneklinikken, sjå her.

Fødselshjelp og kvinnehelse er tema som vekker stort engasjement i befolkninga, og Kvinneklinikken opplever stor interesse frå omverda. Som klinikkdirektør er det forventa at du kommuniserer godt internt og eksternt, og har ei tydeleg stemme i den offentlege samtalen.

Les mer om stillingen 

Dei tilsette er vår viktigaste ressurs

Du vil leie og utvikle ein klinikk med mange kompetente og flotte medarbeidarar. Du må evne å tenke strategisk og samtidig leie for å nå operative mål. Saman med dei tilsette skal du utvikle Kvinneklinikken for framtida gjennom forbetringsarbeid som involverer pasientar og pårørande. Det er om lag 440 tilsette fordelt på om lag 300 årsverk og eit kostnadsbudsjett på 440 millionar kroner.







Vi søker ein direktør som:

  • Har god oversikt over fagfeltet
  • Kan bidra til å møte samfunnet sine forventingar til satsing på kvinnehelse gjennom forsking, fagutvikling og god pasientbehandling
  • Lyttar til dei tilsette, pasientar og pårørande, og bygger openheit og tryggleik
  • Evner å ta tak i utfordringar og moglegheiter med relevante tiltak
  • Blir motivert av komplekse oppgåver
  • Kombinerer relasjonell leiing med strategisk arbeid og analyse

Hausten 2023 flytta Kvinneklinikken inn i Glasblokkene saman med mellom andre Barne- og ungdomsklinikken. Eit nytt bygg gjer det mogeleg å tenke nytt, slik at vi vidareutviklar vår felles helseteneste. Det blir forventa at du som leiar er ein pådrivar i å vidareutvikle tilbodet i tråd med dette og dei helsepolitiske føringane.

Som klinikkdirektør rapporterer du til administrerande direktør Eivind Hansen, og du blir del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Les mer om stillingen